Fotballmoro heile helga!
Forfatter: Elin Salvesen
05. september 2016
Etter to nokså regnfulle dagar, avslutta årets Tine Fotballskule i nydeleg haustsol. Nesten 90 ungar, x-antall supre og motiverande instruktørar frå A-laget og Jenter-00, og dugnadsforeldre frå fire lag, gjorde at idrettsanlegget var fullt av fotballglede i 3 dagar.
Tine Fotballskole samla i år heile 86 gutar og jenter frå 6 til 13 år. Fredag ettermiddag og laurdag formiddag gjekk til kjekke øvingar, leik og instruksjon frå dei flinke instruktørane. Laurdag var alle invitert til filmkveld. 69 ungar dukka opp der. Søndagen blei fotballskolen avslutta med cup, grilling,kamp mellom instruktørar og ungar og premiering!
Kolnes IL vil takke alle dugnadslaga, som i tillegg til instruktørane frå A-laget og jenter 00, var G7, J-8-9, G10 og J10-11. Saman gjorde dei at det blei rigga og rydda, at alle fekk god mat, frukt og drikke gjennom helga, og at 69 ungar samlast til kinokveld laurdag. Uvurderleg innsats, utført med eit smil.